|
Opning av ny barnehage
Barnehage nr 2 (Nyezane Creche) vart opna i KwaZulu-Natal den 4.februar 2011. Til stades var Per Steinar Melås, Thore Hopperstad og tilsette i Melås AS avd Bremanger, saman med representantar frå Rotary Club of Empangeni og frå Uthungulu District Municipality med guvernør Stan Larkan i spissen. Meir info og bilder kjem......
Større pengegåver motteke
Vi har i 2009 og 2010 motteke større penge-gåver frå fleire ulike hald, m.a. Toyota Sogn, Sparebanken Sogn og Fjordane, Henjahaugane Barnehage, Bodil Andersen Strand, Askedalen Barnehage, Leikanger barneskule, Nærings-hagen på Hermansverk, Høyanger Sanitets-forening og Leikanger kommune, samt pengegåve frå tilsette i Melås AS i samband med Per Steinar Melås sin 60-års dag. Meir info kjem......
Vi får stadig fleire gjevarar
Alle tilsette i Melås AS støtte opp om Barnehjelp Afrika med eit fast lønnstrekk kvar månad. Det same gjer også fleire andre bedrifter og dette er vi svært takksam for. Også talet på gjevarar elles veks, noko som gir rom for at stadig fleire born i Sør-Afrika kan nyte godt av hjelp frå Barnehjelp Afrika. Meir info om å bli gjevar kjem.....
Nye heimesider
Det arbeidast med nye heimesider. All tekst og alle bilete som låg på den gamle vil bli å finne att på våre nye heimesider - ha litt tålmodigheit med oss, så lovar vi hyppigare og betre informasjon om vår verksemd i Sør-Afrika innan kort tid.
|